fredag 21. november 2008

Verda utanfor leiligheita!!

Eg hadde bestemt meg, eg ville freista lukka, ta sjansen, hoppa i høyet, smi mens jernet va varmt, hoppa itte Virkola, følga i Elling sine fotspor! Ja for da va akkurat som Elling eg følte meg. Eg sku for fysste gong ut blant folk, ut i den store vide verda, eg sku lengre enn rondt hjørna til apoteket. Eg hadde i lengre tid planlagt ka, kor og korleis eg skulle gjennomføra denna utflukta mi. I ei veka hadde eg holdt meg innesperra i leiligheita her midt i Oslo, forutan to tura der eg kledde meg opp, og fekk vakla meg opp til apoteket to kvartal lengre opp i gata. På den turen gjekk eg seint, kunne ikkje gå so fort, då vart eg anpusten, eg følte meg som ein rømd sjukehusfange, trudde at kvar og ein eg traff på brått skulle hiva seg øve meg, binda meg fast og få meg attende til Øre-nese-hals sengeposten i tredje etasje der eg høyrde heima. Men no va da noko anna, eg skulle lengre enn berre to kvartal, eg skulle meir ut blant folk, eg skulle køyra bil, eg skulle mest sannsynleg snakka med folk. Tanken hadde slått meg; enn om dei ikkje snakkar norsk lengre, tenk om da hadde blitt eit nytt verdsspråk, som alle snakka berre ikkje eg. Då tanken kom måtte eg ta meg sjøl litt hardt i da, kunne ikkje holda på sånn, eg lo litt taktlaust av meg sjøl, smidde litt meir på jernet mens da va varmt og saug vidare på isklompen.


Eg kledde på meg, drog huo godt ner på håvet, sette på meg solbrillene og rogga skjerfet godt rondt halsen. Eg kan ikkje hugsa mongen gonga eg har gått med skjerf, berre to gongar forutan på fotballkampar, og da va mine to turar opp til apoteket. So eg følte meg ikkje som ein dreven skjerf-roggar, men fekk surra da rondt der halsen e og da satt som støpt, so eg va nøgd.


Fysst sku eg te Maxbo på Sinsen for å kjøpa baderomsvifta til badet til desse to søstrene Norenberg, som eig denne leiligheita eg ligg å kadavra meg i om dagen. Den vifto som va der frå før, bråka noko avalaust, stoppa ikkje når ein skrur an av, og da va eit svi/brennmerke i motoren på vifto, so eg tenkte eg sku øverraska med ny vifta. Eg fekk ny vifta på Maxbo. Fysst måtte eg spør ein fyr om dei hadde baderomsvifta, eg følte meg virrelaus, smålig, pusslete, sjuk og utan mandla, men maxbo-mannen sa med da sama: "jada, nede i første etasje". Hon tenkte eg, eg so hadde kava meg opp i andre etasje fordi da sto "bad og kjøkken finn du i 2.etg" på eit skilt. Jaja, tenkte eg, får ta da som trening, so eg hoppa fint ned trappo att, og avslutta med ein lett og ledig piruett. Tulla, avslutta ikkje med korkje ein lett eller ledig piruett, og ikkje har eg hytta på Beitostølen heller.


Men i fysste etasje fekk eg den Flexit 4 tomms standard BV-1 baderomsvifto som eg va ute itte. Itilegg fekk eg ei slangeklemma, som eg forøvrig brukte unormalt lang tid på å skjønna ka va når maxbomannen, ein ny no, spurte om eg måtte ha da med, veit godt ka slangeklemma e, men der og då i butikken va da som alt svartna, eg kunne likså godt ha trudd at han spurte om å få ein klem. Uansett so forlot eg Maxbo med ein god og tilfredsstillande følelse og gledde meg som ein onge te å komma heim å montera. Men fysst hadde eg bestemt meg for å køyra opp i Holmenkollåsen for å kikka på eit uteanlegg som meg og mine kollegaa har hatt som eit av prosjekto våre i haust, som nett va ferdigstillt. Ville opp å sjå på sluttresultatet og knipsa bilder av steinen og asfalten!


På veien køyrte eg forbi ein Statoil bensinstasjon. Då kom da te meg; wienerpølsa i brød med potetsalat, ketchup og sennep. Lenge sio tankane mine hadde vore på bensinstasjonpølsene, sjøl kor masse eg hadde tenkt på mat den sista veko. Eg køyrte raka vegen vidare. Brått der i veien, sto da ein elg,

eg bråbremsa so hardt at mandlane spratt ut or meg, gjøne frontruto på bilen min, rett i elgen so den datt øveende, og vart liggjande, samstundes som da kom ein etasjebuss fullt av japanske turista som knipsa vilt med canonane sine. Tulla eg har jo ikkje mandla lenger.

Jaja, etter den dramatiske men spanande turen ankom eg målet, gjekk ut i kulden og knipsa og knapsa med eg va go, so vart eg trøytt,

og holdt på å sovna. So eg køyrte lika beint heim. Eg va einig om at da hadde vore ein framifrå og opplevelsesrik dag full av spenning, dramatikk, og halve kongeriket. No venta resten av dagen og baderomsviftemontering!


Norvald og Nelson Mandela





























11 kommentarer:

Anonym sa...

haha :) spennende utfart og innlegg! du er GØY

Birte sa...

At du ikkje har begynt med blogg tidligare Norvaldiho....eg seie ikkje meir.

Anonym sa...

Glimrande detta, da e so gøy å følga med på dine opplevelsa :)
Men, kjørte du på den elgen eller... Du kjørte no vidare so..
Ha ei god mandelveke...

Maria Louise sa...

Jeg ler meg halvt i hjel...

Norvaldinho sa...

hehe, sku egentli retta litt på datta med eljen, men gløymte da litt, so då får dåke lov te å tru ka dåke vil. men sanninga e at da va den elgen som e vist på bilde so sto langs veien oppgjøne åsen. men syns da va litt kjedli å berre skriva: "og so køyrte eg forbi ein elg-statue"

Anonym sa...

Juhu igjen:) Må le jeg å! og mill takk for at du fiksa vifta! ybersnill du! blir satt veldig pris på av norenberg-søstrene:)

Anonym sa...

Jeg er bare begreistret.Og lure på hvilken forfatter som gjemmer bak dette navnet? Og venter spent på neste episode. Hva har hent siden 19. november HAr du fått ny dame som opptar deg? eller er livet hardt uten mandler? Eller kanskje du får en ny mandel i grøten til jul? Hilsen Etrod

Anonym sa...

Furken Norvald!
Du setter en ny standard her som er vrien og følge opp!
Sitter her på Lerken med 3xNorenbergs og koser oss med vann og vin.
Bloggen din er åpenbart høyt verdsatt og vel fortjent.....Wirkola osv.
Kos dere i lulen og ta vare på vestlandske juletradisjoner.

Snakkast!

Dnivyø

Anonym sa...

lizzom..... hvorfor har du ikke skrevet mer siden sist... merker at jeg er litt skuffa lizzom.. men lizzom, hva skjer a.. hva er favortitt julesangen din?? hva får deg i julestemning lizzom??
Topptur her lizzom, og mye koz lizzom.

God jul lizzom, og gleder meg til å feire nyttår med deg lizzom!!!

Klemz ettigrib

Anonym sa...

norris!!!skjer a?? nyter julefreden, endelig uten dama di? juhu lizzom ;)
litt på lizzom her i dag a gitt. vi bare er veldig keeeeeeeen på ny oppdatering... hvis du ikke klarer det i løpet av ferien blir vi en smule skuffeluff ;)
knus fra damo ettem enna;)

Anonym sa...

Hoi hoisann..

her ana og føle eg ein alder so liten samansvergelse frå Lerken om å få ut eit nytt innlegg fortare enn svinten.. og ser no at eg har drete meg ut og skreve Wirkola med enkel V, ska kje ver mogleg.. ska ta meg i hopas med både rettskriving og oppdatering!!

Dlavron!