fredag 21. november 2008

Verda utanfor leiligheita!!

Eg hadde bestemt meg, eg ville freista lukka, ta sjansen, hoppa i høyet, smi mens jernet va varmt, hoppa itte Virkola, følga i Elling sine fotspor! Ja for da va akkurat som Elling eg følte meg. Eg sku for fysste gong ut blant folk, ut i den store vide verda, eg sku lengre enn rondt hjørna til apoteket. Eg hadde i lengre tid planlagt ka, kor og korleis eg skulle gjennomføra denna utflukta mi. I ei veka hadde eg holdt meg innesperra i leiligheita her midt i Oslo, forutan to tura der eg kledde meg opp, og fekk vakla meg opp til apoteket to kvartal lengre opp i gata. På den turen gjekk eg seint, kunne ikkje gå so fort, då vart eg anpusten, eg følte meg som ein rømd sjukehusfange, trudde at kvar og ein eg traff på brått skulle hiva seg øve meg, binda meg fast og få meg attende til Øre-nese-hals sengeposten i tredje etasje der eg høyrde heima. Men no va da noko anna, eg skulle lengre enn berre to kvartal, eg skulle meir ut blant folk, eg skulle køyra bil, eg skulle mest sannsynleg snakka med folk. Tanken hadde slått meg; enn om dei ikkje snakkar norsk lengre, tenk om da hadde blitt eit nytt verdsspråk, som alle snakka berre ikkje eg. Då tanken kom måtte eg ta meg sjøl litt hardt i da, kunne ikkje holda på sånn, eg lo litt taktlaust av meg sjøl, smidde litt meir på jernet mens da va varmt og saug vidare på isklompen.


Eg kledde på meg, drog huo godt ner på håvet, sette på meg solbrillene og rogga skjerfet godt rondt halsen. Eg kan ikkje hugsa mongen gonga eg har gått med skjerf, berre to gongar forutan på fotballkampar, og da va mine to turar opp til apoteket. So eg følte meg ikkje som ein dreven skjerf-roggar, men fekk surra da rondt der halsen e og da satt som støpt, so eg va nøgd.


Fysst sku eg te Maxbo på Sinsen for å kjøpa baderomsvifta til badet til desse to søstrene Norenberg, som eig denne leiligheita eg ligg å kadavra meg i om dagen. Den vifto som va der frå før, bråka noko avalaust, stoppa ikkje når ein skrur an av, og da va eit svi/brennmerke i motoren på vifto, so eg tenkte eg sku øverraska med ny vifta. Eg fekk ny vifta på Maxbo. Fysst måtte eg spør ein fyr om dei hadde baderomsvifta, eg følte meg virrelaus, smålig, pusslete, sjuk og utan mandla, men maxbo-mannen sa med da sama: "jada, nede i første etasje". Hon tenkte eg, eg so hadde kava meg opp i andre etasje fordi da sto "bad og kjøkken finn du i 2.etg" på eit skilt. Jaja, tenkte eg, får ta da som trening, so eg hoppa fint ned trappo att, og avslutta med ein lett og ledig piruett. Tulla, avslutta ikkje med korkje ein lett eller ledig piruett, og ikkje har eg hytta på Beitostølen heller.


Men i fysste etasje fekk eg den Flexit 4 tomms standard BV-1 baderomsvifto som eg va ute itte. Itilegg fekk eg ei slangeklemma, som eg forøvrig brukte unormalt lang tid på å skjønna ka va når maxbomannen, ein ny no, spurte om eg måtte ha da med, veit godt ka slangeklemma e, men der og då i butikken va da som alt svartna, eg kunne likså godt ha trudd at han spurte om å få ein klem. Uansett so forlot eg Maxbo med ein god og tilfredsstillande følelse og gledde meg som ein onge te å komma heim å montera. Men fysst hadde eg bestemt meg for å køyra opp i Holmenkollåsen for å kikka på eit uteanlegg som meg og mine kollegaa har hatt som eit av prosjekto våre i haust, som nett va ferdigstillt. Ville opp å sjå på sluttresultatet og knipsa bilder av steinen og asfalten!


På veien køyrte eg forbi ein Statoil bensinstasjon. Då kom da te meg; wienerpølsa i brød med potetsalat, ketchup og sennep. Lenge sio tankane mine hadde vore på bensinstasjonpølsene, sjøl kor masse eg hadde tenkt på mat den sista veko. Eg køyrte raka vegen vidare. Brått der i veien, sto da ein elg,

eg bråbremsa so hardt at mandlane spratt ut or meg, gjøne frontruto på bilen min, rett i elgen so den datt øveende, og vart liggjande, samstundes som da kom ein etasjebuss fullt av japanske turista som knipsa vilt med canonane sine. Tulla eg har jo ikkje mandla lenger.

Jaja, etter den dramatiske men spanande turen ankom eg målet, gjekk ut i kulden og knipsa og knapsa med eg va go, so vart eg trøytt,

og holdt på å sovna. So eg køyrte lika beint heim. Eg va einig om at da hadde vore ein framifrå og opplevelsesrik dag full av spenning, dramatikk, og halve kongeriket. No venta resten av dagen og baderomsviftemontering!


Norvald og Nelson Mandela





























onsdag 19. november 2008

Lista!!!!!!!!



Ein sku ikkje tru mi fyssta lista kom so seint som tredja innlegget på bloggen min, men av og til so lika eg å øveraska.. Men no når eg fekk spurnad om å komma med ei lista, so gjer eg da lett. Kanskje kjem da fleire òg. Les so får du sjå.

Her kjem ei lista øve kor mangen isklompa (eg ber om orsaking, om folk e skuffa, sinna, forbitra for at eg i eit tidlegare innlegg kom te fare for å skriva isbita, veit ikkje kor da kom frå), Lollipopa og Friskisa eg har ete dei siste fem dagane:

- 3,5 "brett" med vatn-isklompa a på 22 isklompa, noko som tilsvara 77 klompa, men nokre
har smelta vekk før eg fekk putta dei i monen, so derfor blir da 65 vatn-isklompa!

- eitt "brett" med appelsinsaft-isklompa, also blir da 18 appelsinsaft-isklompa!

- 7 Lollipopa

- 12 Friskisa (Dei ivrigaste blogg-lesarane reagerte nok litt på mitt forriga innlegg, der da sto at eg åt Lollipop, då dei hadde friskt i minnet at på mi Is-topp-fem-lista på Foronderligt-bloggen ikkje hadde Lollipop på listo, men Friskis, i motsetnad til, til dømes Ivar. Eg skjønna reaksjonen, og da e to forklaringa på da, begge sanne. Rema 1000 som e nermaste butikk her hadde ikkje 10 pack Friskis, men hadde Lollipop, osso da einaste positiva med Lollipop forutan skjokoladen, e at da e eit arti ord og gøy å skriva. So da)


Itillegg til alt detta, so har eg ete:

- åtta brødskjeve med, hold deg fast, Leverposteiv faktisk
- to fjorlands kjøttbolleporsjona (minus 18 kjøttbolla, av 30)
- ein halv liter gele, pluss nesten ein halv liter vaniljesaus,
- eit par små skåle med karamellpudding
- ein doc-pastill
- ein liten porsjon semulegrynsgraut

- drukke ca ein halv liter sjokomjelk
- sugd på ein klementinbåt
- drukke ein del vatn

Kan jo alltids slenga på ei lista om at eg har vore i Marokko her på tampen.

Her kjem ei lista øve at eg har vore i Marokko:

- eg har vore i Marokko


Adios

Norvald Mandel Middrød

tysdag 18. november 2008

Fredag den 14.

Eg våkna grytidli, sveitten randt, blodet pumpa og hjarta slo pulslag so raske som berre Yngve Gjøn kan spela på skarptrommo si.

Men da va ikkje sånn.

Våkna gjor eg, akkurat sånn klokko passe, sveitten va på da normala, blodet va raudt og hjarta kjennte eg ikkje itte om slo, men da gjor da heilt sikkert. Eg sku onna kniven, eg sku på operasjonsbordet, lækjaren og hans fira medhjelpara sku herja og skjera i meg med liv og lyst, mens eg låg åleina, livlaus og hjelpeslaus inni dei djupaste narkosedraumanes land. Dei forargete og arrete forholdsvis store Mandlane mine skulle til sist måtte forlata meg te fordel for brenneriet i Fredrikstad. Da va ein lykkens dag!

Eg kvidde meg, timen va klokko kvart på tolv, denna fine fredagen cirka midt i haustmånaden November. Alt sku finna stad på eit lite operasjonsrom på ein privatklinikk midt i Asker sentrum. Eg hadde vore der dagen før, for å ver heilt sikkert på at eg sku finna fram på sjølve dagen. Alt va so spanande, men fryktinngytande og skummelt på sama tid, eg ville berre ha da øvestått! Eg vart ropt opp og motteken av ein triveleg anestesisjukepleiar, som ba meg om å ta tå meg jakken, skona og gensaren og leggja meg på einaste benken i rommet, med håve den veien, han peikte.. Oppdragen og høflig som eg e, so gjor eg som han sa utan teikn te uvelviljugheit. Eg vart spurt om eg hadde vore i narkose før, samstundes som sjukepleiar Marianne med hytta på Beitostølen entra rommet, med ein lett og ledig piruett. Tulla, va kje nåke piruett å sjå, korkje lett eller ledig, ho entra rommet på ein heilt vanleg måte, som ein heilt vanli anna sjukepleiar med hytta på Beitostølen ville gjort da. Eg svara; "nei, aldri". Hadde lyst å sei: "Nei, aldri, eg e den siste i syskjenflokken som får narkose, alle dei andre har vore i narkose før meg!" Men ka gagna da han, og då måtte eg jo bynna å fortelja om at Stora systo mi korkje har brille eller linse og ditt og datt.. Nei, takka meg te at da va komt snø på Beitostølen der Marianne har hytta, men som ho ikkje kunne reisa opp til, grunna vakthelg, osso da midt i langrenns og skiskyttar-seongopninga. Sama for meg, so lenge ikkje all forargelsen kom te å gå ut øve meg, stakkaren på da smala operasjonsbordet. Eg vart kobla te på både den eine og andre måten, teflon i hånno, badering på høgre armen, to-tre sugekoppar på øvekroppen, og kleklypa i venstre tommelen. Syns i grunn sånn e litt spanande! So merka eg da, stemningo, virka som om dei ikkje ville snakka meir på ein måte, so spurte anestesisjukepleiaren om eg bynnte å kjenna noko i håve, eg svara to gongar samstundes: "Nei", mens eg rista på håve. So sjekka Marianne utsyret litt igjen, og da gjekk ei stond, og han spurte sama spørsmålet igjen, svaret va da sama frå meg. "Hm, va kje lett å slå deg ut, du burde vore i din djupaste søvn du no, men no sovna du nok" sa han, og holdt ei slags maska med slange framfor monen min. Då tok da ikkje longa tio før eg våkna på eit anna rom, og spytta blod. Mandellaus og i relativt grei form! Eg tykkte da va ei arti oppleving sånn sett, no gjensto berre resten. Isbite-suging, og lollipop-eting!

Eg vart liggjande ei stond te oppvåkning, virka som at dei andre som låg rundt meg, hadde da verre. Eg spurte om eg hadde i meg nåke smertestillande no, men da hadde eg visst ikkje. Kunne få litt morfin viss eg ville, og da kunne eg godt tenkt å prøva. Merka ingenting te da, lika vondt eller lika lite vondt alt itte som, sov heller nesten ikkje, låg berre å venta på at søster Norenberg sku komma å henta meg å køyra meg heim! Anne Mette kom på slaget litt før ho hadde sagt at ho sku komma, vart ikkje so masse klining, men da va godt å sjå ho. Ho sa eg såg litt dradd ut i monen der eg låg med monen open og blodete på lepper og i anlete allers, og med spyttebegeret fullt av blod!

Me kom oss heim begge to, eg la meg godt terette i sengo, med paralginforte og voltaren stikkpilla på nattbordet, medan Anne Mette fora meg med is-bita og lollipop!!

Datta va eit lite utdrag frå dag 1 av romanen: "Dinho og den store mandelfabrikken",..



Eg har blitt bloggar, utan mandlar!!

Ser du godt itte, so ser du mandlane mine som no ikkje e der lenger. Hadde da ikkje vore for dei, so hadde nok aldri denna bloggen funne stad, jaffal ikkje på eit so tidleg stadium. Nok om mandlane for denna gong, men ikkje fortvil, dei ska nok få eit eige blogginlegg om ikkje lenge.
Men ja, Eg Norvis Norvaldinho Norvaldsen har vorte bloggar. For ein time sio hadde eg ikkje ei aning om at eg sku finna på nåke so sprøtt som å blogga meg for heile verda. Men alle i familien Midtrød e jo ivrige bloggara, so kanskje eg òg sku prøva meg, e jo ikkje anna å gjer enn å gje seg på da om eg ikkje sku bli nøgd. Uansett va da vel da at eg tenkte at alle mine sysken med fylgje, pluss mine to kjære foreldre godt kunne leggja ut daglege innlegg no som eg berre sit med dataen i sengo og e sjukemeldt.. Men eg skjønna jo at da e andre ting i desse føradventstider som tek tid. So derfor sku eg sjøl sjekka korleis da va å ha ein bloggg liggjande på verdsetaren!