onsdag 24. desember 2008

Fysste skitur utan mandla!

No kjem eit innlegg som eg i grunn byrja å skriva på for lenge lenge sio, men aldri komt vidare med, men sjøl om ståa e sånn, so vel eg alikavel å leggja da ut på eteren, e jo for gale at eit innlegg fysst berre ska liggja å rotna for so å bli heve. Her kjem da jaffal:

So va dagen komt, eg sku på min fysste skitur utan mandlar. Dagen måtte jo komma, og da berre ein knapp månad itte operasjonen! Eg både kvidde meg og grua meg om ein an, men måtte berre bita fingrane saman, kryssa tenna og håpa at lollipopen hadde hjulpe på både gliferdigheita og fråspark før sesongens fysste skitur..

Da va ein kompis frå folkehøgskulen som spurte om eg ville bli med på langrenn, og sio han va arbeidsledig og kunne spansk og eg hadde frifredag, so syns eg da virka som ein framifrå plan og eg joina han lett... Øystein Mackelin Øysteinsen heite han forøvrig, ein kæll frå Fredrikstad! Men trivli lell.. Eg sku plukka han opp utanfor blokka han bur i på Grünerløkka. Han sto der presist, med ski og stavar bunde i hop og bagen på bakken. Me la skina i skiboksen, satte oss inn og køyrte raka veien te Frognerseteren. Da gjor me faktisk ikkje, for Øystein sku posleggja ein søknad på posten på Carl Berner plass. Øystein postla ein søknad på posten på Carl Berner før me køyrte raka veien te Frognerseteren. For sio eg va best kjent so hadde eg i samråd med Øyvind og Anne Mette bestemt meg for at me sku gå frå Frognersetro og inn til Ullevålseter.

Sånn vart da ikkje. Me parkerte bilen nefforbi Frognersetro, smurte skina godt inn med blå ekstra og labba avgårde og forsvant inni skogen vekk frå alfarvei, bebyggelse og folk med akebrett.

Eg følte meg fin i farta, på dei relativt nye klassiske Fisher-skina mine, forøvrig dei fysste klassisk skina eg har hatt, for som gamal ringrev av ein skiskyttar eg e, so har da jo berre vore skøyting so har julde for min del. Men når eg har blitt sopass oppi åro som eg har blitt, og skøyting har blitt for slitsom og eg ikkje e so godt trent som eg ein gong va, so passa klassisk stil meg helt utmerket (les "helt utmerket" på bergensk, då blir da litt gøyare enn viss eg hadde skreve "heilt utmerka", trur eg). Tja, no kom da sopass mangen goe setninga på rappen her at eg ikkje heilt veit korleis eg ska fortsetja detta innlegget.. men eg prøve meg likavel!


Me gjekk ikkje mangen metrane før da kom ein heilt grei, halvlang utforbakke som me peisa nergjennom. Eg på dei relativt nye klassiske Fisher-skina mine, og Øystein på dei relativt gamle Atomic fjelltelemark-skina sine. Ikkje for å skryta, men eg hadde deff best gli! Uansett so va da stas å stå på ski igjen og juhuu kunne nok høyrast lang vei både ein og to gongar før me va komen oss te botnas av bakken. Og der i bonn av bakken, sto da ein påle full av skilt og piler som viste vei og kor mangen km til den og den staden.


Da va då me ombestemte oss. Me syns 3,5 km til Ullevålseter virka litt i lengsta laget for slitne utrente skikroppar, og valgte heller ein litt kortare etappe og satte kursen mot Skjennungstua, eller Kjenningsmelodistua som Islandstone so fint og lunt kallte da. Då flirte eg litt lavt og tenkte: "Moro!", so staka me oss vidare inn i dei djupe skogar på veg mot Skjennungstua. Noko eg i ittetid har fått høyrt, e at godeste statsminister Jens både titt og ofta tar skituren sin oppom Skjennungstua. Nok om politikk.

Da me ikkje visste, men som me fort merka, va at da slettes ikkje va oppkøyrde løyper mot Skjennungstua. Men me valgte å trossa farene da kunne innebera og fortsatte som ingenting hadde hendt. Siste bakken va lang og smal, eg hadde dårli feste, Øystein hadde bra feste og gjekk sakte frå meg. Då vart eg i grunn surare enn eg ga uttrykk for. Men eg kunne skylda på nåke som ikkje va der, mandlane. So da fekk gå for den gong, kanskje da kom te å bli bedre når me satte oss ne og tok ein liten matbit utanfor Skjennungstua, eller inni, om den va open. Og den va open med stor p. Sjikkli kosli va da der. Fyr på peisen, juletre, varme, musikk, nøtter på bordo og ellers go, lun og fredeli julestemning. Kanskje me va sju personar der, pluss damene på kjøkkenet. Me helste ikkje på nåken. Kjøpte berre kvarsin munkholm og kaffi, satte oss ved eit bord, og kosa oss med da innkjøpte og nista so eg hadde med og sjokolade som Øystein hadde med. Da gjor seg med ein matbit og drikka, men me kunne ikkje bli der for evig tid og me fann ut at me måtte komma oss avgårde, retning der me kom frå, sio mørke byrja å falla på og me hadde valgt ei uoppkøyrt skogsløypa der da ikkje va ljos. Heimøveturen va ein meir positiv opplevelse for min del,. Følte at formen min allereie hadde stege eit og to hakk. Feste va te og med bedre. Sku da gå so fort, so lova detta bra te Birken.
Alle va nøgd med turen og gla for at da alt i alt gjekk bra! Godt å få onnagjort fysste turen, no ventar berre resten.
Norvald





tysdag 23. desember 2008

Pepperkakebaking i Bjerregårdsgate!!

Det var en mørk og stormfull aften.
I Bjerregårdsgate 64 B stod pepperkakebaking for tur, for veldi tur, so for tur at da sku bakast, kjevlast, knaast, utformast og steikast midt i eit spanande skiskyttar-renn i beste sende tid denna laurdagsformiddag! Norenberg-systrene var ivrige som berre Norenberg-systrene kan ver, medan meg og Øyvind Øye Øyvindsen helst kunne tenkt oss å sjå ferdig skiskytingo fysst, noko me sjølsagt ikkje ga uttrykk for, og under bakingo fekk me sneke oss te både skyting og gåing og resultat på rennet uten at systrene-søsters merka da grann. Da gjekk fint, stemningo va go, julamusikken sto på fullt og mjøl, pepperkakedeig og pepperkakeformer var klare te å takast i bruk! Når eg entra kjøkkenet, som va rommet som skulle brukast for pepperkakebakingo, va allereie oppdelinga klar; Meg og Anne Mette sku bruka disken/benken onna den rauda hyllo og Birgitte og Øyvind den disken attemed vasken. Alle va nøgd, da kom ingen klage so vidt meg bekjent om misnøye med plassfordelinga, so derfor va da berre å kjevla på.
Da vart utforma krokkodillar, revar, store og små hjarter, sjiraffar, store og små grisar, traktor, julatrer, elefantar, julastjerner og eg lagde ein snømann teslutt som eg trur vart omgjort te eit eller to-tre store hjarter. Men da må nesten bli litt sånn når målet e å laga 20 sånne store hjarter.


Da va gøy å kjevla litt i godt selskap, må innrømma da, lenge sio eg har vore med på pepperkakebaking!
For dei som ikkje har kjennskap te personar på bileta:
- ho i grønn t-skjorta/felleskjøpet t-skjorta: damo mi, Norenberg-søsters ved navn Anne Mette
- ho i rosa med tonga: Norenberg-søsters, asso søster te damo mi. Heite Hanne Birgitte, men brukar berre Birgitte
- han i grå gensar med kjevle-konsentrasjonen: Øyvind, typen te Birgitte, bergensar!