fredag 13. november 2009

"Eitårsdagen"

Eg hugsa godt den dagen då eg våkna grytidli, då sveitten randt, blodet pumpa og hjarta slo pulsslag so raske som berre Yngve Gjøn kan spela på skarptrommo si. Men da va ikkje sånn. Osso hugsa eg operasjonsbordet og hytto på Beitostølen. Alt detta hugsa eg frå den o'store mandeloperasjonen som fann stad i Asker for nøyaktig eit år sio. Eit år sio isbitesuging, saftisslafsing og smertestillande stikkpilla opp der sola ikkje skin, va einaste fysiske anstrengelse som Eg Norvald Norvaldinho Norri Norvaldsen foretok seg.

Korleis er ståa i dag, på "eitårsdagen"? Undrar sikkert mangen seg. Difor har eg tenkt å skildra denne dagen i dag, eit år itte eg vart mandellaus, ifrå eg vakna og til klokka slår 15. november!


Eg våkna her i morres med sandpapir i moinn, koppeilhau og magasjau, ja det vil nok var ei stoinn. Neida.

Eg våkna, eller rettare sagt bråvåkna av at Anne Mette bråvåkna av at telefonen hennas bråringte og at Annis brå-skreik ut på ein hesande måte at klokko va halv tolv, noko som betydde at klokko va alt for masse. Noko eg ikkje syns, itte at eg fysst trudde at ho brå-skreik ut på ein hesande måte at klokko va halv to. Då hadde eg skjønnt at da va seint.

Eg snaut meg, sjekka mobilen, naus eit par gonga før eg sto opp for å motta denne litt gråaktige laurdagen, dagen etter fyssta snøfallet fann stad her austpå.. Eg valsa inn på do for å ta morgonstellet før frukosten kunne nytast ilag med ski og skiskyttaropninga på Beitostølen på TV. Eg kunne ikkje la ver å undra på om Marianne hadde kommt seg opp på hytto si denna helgo, eller hadde ho jobbhelg nok ein gong nett som i fjor akkorat på åpningshelgo?? hm, eg slutta å undra. Satte på kaffien på den nye kaffitraktaren vår. To strek. Ein Moccamaster. Fekk an i går. Gøy. Me fekk ein smudi-lagar i innflyttingsgava av tre av kollegaane mine fordi eg ønskte meg sånn fordi Hilde hadde sånn og eg vart missunnli.. Men so kom da som torden før lyn frå klar himmel: me hadde smudi-lagar! Eg hadde sikkert ikkje spurt.. Jaja, eg tar den på meg. No har me både Moccamaster og smudi-lagar. Opp med ei hånd dei som syns da e irriterande at eg skriv smudi-lagar og ikkje smoothie-maker... Eg fekk fem skjeve smurt på av Anne Mette goingen. Eg har ikkje nevnt da, men eg har nok hatt og har nåke som kallast svineinfluensa dei siste dagane, so er ikkje heilt i form, sjøl om eg e veldi på bedringens vei. Berre snyting, hosting og nysing no. Komme ikkje til å gå nærare inn på ka svineinfluensa e, men ver ikkje redde, da smittar ikkje gjennom bloggen..

Ei skjeva med nøtte, ei med prim, ei med majones og falukorv og to med leverpostei.

Eit halvhardkokt egg og fem glass med o'boy.


Da vart seier både te de Tora, Lars, Marit og Petter. Flinkesane. Kjekt å sjå litt skisport igjen.

Itte den fysste kaffikoppen laga i den nye Moccamasteren vår, va oppdrukke, so hadde eg lova mi kjæra jenta å fyra i peisen. Sio da va litt kaldt i huset. Eg heiv innpå nåken kubba, slengte med eit par tennposar og kveikte på, og itte eit par minutta var dagens fyring godt i gang.

Neste bolk av dagen foregjekk for da mesta i roli stil. Mens Anne Mette tok seg ein dusj, sovna eg pladask på sofaen. som om eg ikkje hadde sove nok i natt lissom. Når eg omsider våkna so va da nesten u-fyr i ovnen for å sei da på den måten. Men dramatikken varte ikkje lenge, for da tok ikkje lang tid før da låg ein ny kubbe i ovnen som fort sto i fyr og flamme!

Anne Mette reiste te Ski. Eg tok ein dusj før eg slappa av på sofaen. Anne Mette kom heim frå Ski. Anne Mette gjor seg klar te avslutningsfotballfest i Ås. Eg køyrte Anne Mette te Ås og plukka opp trenar Vidar og Bente på veien før eg satte dei av utanfor klubbhuset i Ås der avslutninga skulle finna stad.

Før på dagen hadde eg bestemt meg for å køyra innom butikken på vei heim og kjøpa ein grændis som eg kunne slenga i ovnen og fortæra mens eg slappa av i sofaen og tv-sjåing. Da va ein kort tur i butikken, men duverden kor slitsom. Fysst måtte eg venta litt utanfor før eg gjekk inn, for eg kjennte at nysane låg som hagl på kort snor. Eg avfyrte to kjappe godt planta inni albogekroken, før eg entra butikken mens tårene trilla frå da høgra auga og eg kjennte at da va fleire skot som va ladd.. Men dei fekk venta. Kunne ikkje nysa mellom frukt og grønt og brød og folk. So eg greidde å holda dei igjen. Men tårene måtte tørkast og eg ville berre ut derifrå fortast mogleg. Eg fann da eg sku og labba fram mot kassen, betalte for ein grændis, tre liter coca cola zero, ein kg o'boy og ein pringlespakke. No skulle eg berre raskast mogleg heim te sofaen. Men med ein gong eg satte meg inn og fekk starta bilen, so kom eg på da, nåke som piping og lysing også prøvde å minna meg på. Denna bilen va tysst, for å sei da på den litt artige måten. Eg hadde ikkje valg, eg måtte innom bensinstasjonen og fylla litt diesel. Eg orka ikkje fylla fullt, eg stoppa akkorat på milliliteren tredve liter. So kunne eg reisa heim, setta på pizzaovnen og sittlegga meg godt terette i sofaen. Om eg kan nevna nåke nevneverdig frå køyreturen te Ås forutanom handleturane? Tja, då e da vel to ting so har satt seg fast på netthinna mi. Da eina e at da endeleg ser ut som at da e klar for asfaltering i Lyngveien i Ås. Asfaltkantar e skjært og alt ser klart ut for ny asfalt. Da andra e at, eg såg ein Naf-bil komma køyrande med ein politibil på planet. Må vera kjipt å ver i politiutrykning og få motorstopp lissom. E kje sikkert denna va i da, men du skjønna!
Eg åt tre fjerdedela av Pepperoni pizzaen før eg sovna litt på sofaen, som at eg ikkje hadde sove nok sista natto. Som om at ikkje den morrosetningen e skreve nok gonga. Etter pizzaen gjekk da slag i slag mellom nysing og snyting og nysing og snyting og sofa og tv-sjåing. E proppafull av både nysa og snott. Trenge ikkje bruka rødnese for å kle meg ut eg no! Haha.
Og sånn holdt eg da gåande i sofaen sjåande på dansefolk, nyheiter, go kveld Norge og te slutt laurdagsfilmen. Alt i alt va da ein feiande roli dag, med små lysglimt.. Og denna dagen hugsa eg alt som hende!!
Go natt frå Eg