torsdag 8. november 2012

Pappaperm dag tres!

Den fysste store utfluktdagen!

I dag sku me innøve til Oschlo.. Mammamor sku på kurs på Lysaker frå kl ni til klokko fira og tok derfor bussen straka veien. Betre å ta buss i dei tider, bilrushtrafikken serru.
Nøyaktig rett itte ho mor gjekk ut dørane og sprang mot bussen, tok eg og ungen, frå no av kalla Tiril, (frå no av kalla charlotte, neida), beina fatt med riktig fot fysst i golvet. Viste da seg jaffal ittekvart som dagen gjekk. For vilken dag det ble!!

Fysst va da bleieskiftarbeidar, so va da fyr i peisenarbeidar, medan Tiril låg på matto si på golvet og, hold deg fast.... prøvde å stappa flest mogleg leiker inn i monen. Ikkje samstundes, men itte tur, og gjedna fleire gonger ittekvarandre. Itte kvart byrja ho å sutra litt, ikkje mykje, men litt. Eg skjønnte ikkje koffor, men tok ho opp, heiv ho opp i lufto eit par gonga, og bang.. so va sutringo øve for ei stakka stond. So va da frukost. Tiril fekk ei skjeva med barneleverpostei, sjøl so åt eg ovnsbakt leverpostei. Tru da om du vil. Då va da namenamlyda til me va mette og goe. Eg kosa meg med ein nytrekt kaffi, mens Tiril sat å schlafa an i stolen sin.. Itte kvart byrja ho å sutra litt, eg skjønnte ikkje koffor, men tok ho ut or stolen og heiv ho opp i lufto eit par gonga, og vips so va sutringo øve for ei stakka stond.
So la eg ho ner på matto si på golvet, og hold deg fast.... ho byrja å krypa!! Tenk at ho sku gjer da for fysste gong når eg va åleina med ho. Neida, ho kraup ikkje ho.. Ho fortsatte berre med prosjektet sitt nedpå golvet. Eg sulla litt rondt og gjor husmoraktige syslar som å vaska opp, vaska kler, sjekka nettbrettet og facebook. Med eit, kom da noko så uventa som sutring ifrå prosjektleiar Tirilsen. Eg bråkler meg ut som ein trubadur, hentar gitaren og spelar songar for vetlesen på golvet. Då blei da tysst som da blei på badnaskulen på Holdhus når læraren holdt opp peikefingen og langfingen med utsio ut. For då gløyme ho både sans og samling og rettar all blikket mot meg og gitaren. For eit hærli publik :)
Eg trallar nokre kjenningar, før eg bevegar meg øve til der og då diktande songar, som stort sett går i denne moll, nei meinte dur: "Tirilmor, Tirilmor du ligge der og e so søt, du va kje so søt når du kom ut av magen til mamma, men da gjere ingenting", eller "Eg e gla i deg Tiril, du e dattro mi, da e ingen som e som deg du tek all mi tid, eg går å ber deg frå måron te kveld, men eg bryr meg vel kattn da e sånn du e.."

Jaja, den store utfluktdagen ser eg at eg skreiv der øverst, e kje store utflukten te no tenke du, og sanneleg seie eg deg at da e neimen ikkje den mest uriktige tanken eg har høyrt. Koffor gå rundt grauten når an e kald osb.

Eg la Tiril i vogno si ut på terrassen, ho sovna før eg fekk sukk for meg, men lika greit da so slapp eg å bruka tid på å kvitta meg med den.

I mydletio fekk eg melding frå matstasjonen om at to puppar va klar for tømming mellom kl 11.30 og 12.30 på Fossekallen restaurant og konferansesenter. Eg såg for meg fuglen og svara at 'den e grei, me e der sikkert kl 11.30', for Tiril sove jo sikkert berre ein halvtime eller max ein time, og viss me reise rett itte ho våkna so har me god tid.
Kim va da då so sjølsagt sku sova i heile ein og ein halv time? Jo nemmli; Tiril. Eg hadde hatt go tid te å pakka, so alt var klart når Tiril våkna rett før eg va tenkt å vekka ho. Eg slengte på ho ei ny bleia, satte ho bomfast i sete bak i bilen og satte kursen retning Lysaker og mjølka.



Me kom i god tid før lunsjpausen til Anne Mette var over. Gjensynsgleden va stor og dei to jentene fekk litt kvalitetstid ilag før meg og Tiril reiste på besøk til ein kompis av meg og hans snart eit år gamle son oppi Holmenkoll-traktene.
Sio me likavel skulle til Oslo, so hadde me avtalt å møtast nokre timar før me skulle plukka opp ho mor klokko fira og reisa heimatt til Drøbak.

Fysst so vart da litt grauteting på dei to småttisane, i kvar sin stol med fedrene sine som matara. Deretter fekk me voksne kasta i oss nokre skjeve og ein kaffikopp, før det vart pitstopp på golvet med div leiker, litt gulp og enno meir sikkling. Veldi kosli i grunn! Tiril var roli, skeptisk og nyfiken. Eitåringen litt meir brautande, krypande, og uskeptisk. Dei to fann tonen, og ville aller helst ha den leika som den andre hadde.
So vart ungane trøytte, og me bestemte oss for å trilla ein tur i nærområdet, sånn at dei små kunne få tatt seg ein blund.

Han kompisen min har eg kjennt i øve ti år. Eg hugsa da godt i dei tider når me diskuterte og snudde oss itte damer, snakka om ski og topptur, feite bilar og konsertar og alskens. No snur me oss itte folk som går med barnevogner for å sjå ka merke da e, snakkar om barnemat, søvnrytmar, diskuterer pulkar og barneseter. Hm, eg vart sånn eg òg asso. Må flira inni meg.

Då me hadde gått ein runde våkna Tiril og me va klar for å køyra ner til Lysaker og plukka opp mor og kåna. Gjensynsgleden va stor nok ein gong og puppa vart atter ein gong tømd, før me rulla heim til leiking, mating, kveldstell og soving.. Takk for i dag og velkomen igjen!

Morvald

tysdag 6. november 2012

Eg's pappapermblogg

Kim sku trudd da? Eg hadde aldri trudd da. Korkje at eg sku få unge, gå ut i pappaperm eller skriva pappapermblogg.
Men no e eg midt oppi alt. Derfor pussa eg fingertuppane og ska sjå om eg får lagt ut eit og anna pappaperminnlegg!
Da so førte te da heila og korleis eg havna som på-dagtid-åleina-parent e ein long story, men eg kan korta an ner sopass eg:

Elskov-graviditet-hormona-akershus universitetssjukehus-ultraljod-ctg-øvetid-akershus universitetssjukehus-igangsetnad-vatn-rie-rie-rie-sugekopp-Tiril!!
Tio itte da e jo òg  ein long story:

Amming-amming-amming-grining-lite søvn-liten baby-amming-stiv nakke-trilling-sjukehusinnleggelse-flasker-sterilisering(av flasker asso)-fysio-manuellterapeaut-veging--- altså stor sett berre gøy. Ei tid me naut ;)

Men itte da igjen so har da vore ei fin tid J Med soving frå ei blid og rolig fin jenta som veks og legg på seg!
Sånn gjekk no dagan, og ho Tiril vart stør å stør.
Brått va ho vèl sju månada og tio va inne for at den mandellause pappaen sku trå te og passa på jentungen, mens mammo sku ut i jobb att..

Pappaperm dag ein og to e vel øvestått:
Da har gått fint!

Og sånn går no dagan: leiking-eting-soving-leiking-eting-leiking-soving-leiking-eting.

Eit meir utfyllande innlegg kjem senn!

So long!!
Norvald Pappa Midtrød