tysdag 18. november 2008

Fredag den 14.

Eg våkna grytidli, sveitten randt, blodet pumpa og hjarta slo pulslag so raske som berre Yngve Gjøn kan spela på skarptrommo si.

Men da va ikkje sånn.

Våkna gjor eg, akkurat sånn klokko passe, sveitten va på da normala, blodet va raudt og hjarta kjennte eg ikkje itte om slo, men da gjor da heilt sikkert. Eg sku onna kniven, eg sku på operasjonsbordet, lækjaren og hans fira medhjelpara sku herja og skjera i meg med liv og lyst, mens eg låg åleina, livlaus og hjelpeslaus inni dei djupaste narkosedraumanes land. Dei forargete og arrete forholdsvis store Mandlane mine skulle til sist måtte forlata meg te fordel for brenneriet i Fredrikstad. Da va ein lykkens dag!

Eg kvidde meg, timen va klokko kvart på tolv, denna fine fredagen cirka midt i haustmånaden November. Alt sku finna stad på eit lite operasjonsrom på ein privatklinikk midt i Asker sentrum. Eg hadde vore der dagen før, for å ver heilt sikkert på at eg sku finna fram på sjølve dagen. Alt va so spanande, men fryktinngytande og skummelt på sama tid, eg ville berre ha da øvestått! Eg vart ropt opp og motteken av ein triveleg anestesisjukepleiar, som ba meg om å ta tå meg jakken, skona og gensaren og leggja meg på einaste benken i rommet, med håve den veien, han peikte.. Oppdragen og høflig som eg e, so gjor eg som han sa utan teikn te uvelviljugheit. Eg vart spurt om eg hadde vore i narkose før, samstundes som sjukepleiar Marianne med hytta på Beitostølen entra rommet, med ein lett og ledig piruett. Tulla, va kje nåke piruett å sjå, korkje lett eller ledig, ho entra rommet på ein heilt vanleg måte, som ein heilt vanli anna sjukepleiar med hytta på Beitostølen ville gjort da. Eg svara; "nei, aldri". Hadde lyst å sei: "Nei, aldri, eg e den siste i syskjenflokken som får narkose, alle dei andre har vore i narkose før meg!" Men ka gagna da han, og då måtte eg jo bynna å fortelja om at Stora systo mi korkje har brille eller linse og ditt og datt.. Nei, takka meg te at da va komt snø på Beitostølen der Marianne har hytta, men som ho ikkje kunne reisa opp til, grunna vakthelg, osso da midt i langrenns og skiskyttar-seongopninga. Sama for meg, so lenge ikkje all forargelsen kom te å gå ut øve meg, stakkaren på da smala operasjonsbordet. Eg vart kobla te på både den eine og andre måten, teflon i hånno, badering på høgre armen, to-tre sugekoppar på øvekroppen, og kleklypa i venstre tommelen. Syns i grunn sånn e litt spanande! So merka eg da, stemningo, virka som om dei ikkje ville snakka meir på ein måte, so spurte anestesisjukepleiaren om eg bynnte å kjenna noko i håve, eg svara to gongar samstundes: "Nei", mens eg rista på håve. So sjekka Marianne utsyret litt igjen, og da gjekk ei stond, og han spurte sama spørsmålet igjen, svaret va da sama frå meg. "Hm, va kje lett å slå deg ut, du burde vore i din djupaste søvn du no, men no sovna du nok" sa han, og holdt ei slags maska med slange framfor monen min. Då tok da ikkje longa tio før eg våkna på eit anna rom, og spytta blod. Mandellaus og i relativt grei form! Eg tykkte da va ei arti oppleving sånn sett, no gjensto berre resten. Isbite-suging, og lollipop-eting!

Eg vart liggjande ei stond te oppvåkning, virka som at dei andre som låg rundt meg, hadde da verre. Eg spurte om eg hadde i meg nåke smertestillande no, men da hadde eg visst ikkje. Kunne få litt morfin viss eg ville, og da kunne eg godt tenkt å prøva. Merka ingenting te da, lika vondt eller lika lite vondt alt itte som, sov heller nesten ikkje, låg berre å venta på at søster Norenberg sku komma å henta meg å køyra meg heim! Anne Mette kom på slaget litt før ho hadde sagt at ho sku komma, vart ikkje so masse klining, men da va godt å sjå ho. Ho sa eg såg litt dradd ut i monen der eg låg med monen open og blodete på lepper og i anlete allers, og med spyttebegeret fullt av blod!

Me kom oss heim begge to, eg la meg godt terette i sengo, med paralginforte og voltaren stikkpilla på nattbordet, medan Anne Mette fora meg med is-bita og lollipop!!

Datta va eit lite utdrag frå dag 1 av romanen: "Dinho og den store mandelfabrikken",..



Eg har blitt bloggar, utan mandlar!!

Ser du godt itte, so ser du mandlane mine som no ikkje e der lenger. Hadde da ikkje vore for dei, so hadde nok aldri denna bloggen funne stad, jaffal ikkje på eit so tidleg stadium. Nok om mandlane for denna gong, men ikkje fortvil, dei ska nok få eit eige blogginlegg om ikkje lenge.
Men ja, Eg Norvis Norvaldinho Norvaldsen har vorte bloggar. For ein time sio hadde eg ikkje ei aning om at eg sku finna på nåke so sprøtt som å blogga meg for heile verda. Men alle i familien Midtrød e jo ivrige bloggara, so kanskje eg òg sku prøva meg, e jo ikkje anna å gjer enn å gje seg på da om eg ikkje sku bli nøgd. Uansett va da vel da at eg tenkte at alle mine sysken med fylgje, pluss mine to kjære foreldre godt kunne leggja ut daglege innlegg no som eg berre sit med dataen i sengo og e sjukemeldt.. Men eg skjønna jo at da e andre ting i desse føradventstider som tek tid. So derfor sku eg sjøl sjekka korleis da va å ha ein bloggg liggjande på verdsetaren!